Bli medlem i Bjørnefjorden Matkultur!

Vil du vera med å fremma matkultur frå din region? Bjørnefjorden Matkultur er eit samarbeid mellom mataktørar i regionen som har som mål å fremma matkultur rundt Bjørnefjorden. Frå fjord og jord – til bord. Bjørnefjorden Matkultur skal gjera mat og råvarer frå regionen etterspurt, kjent og tilgjengelige.

Bilete frå kokkekurs i sjømat 30. april

Stor suksess med kokkekurs i sjømat med Siw frå Mat fra hjertet, Frank frå Havnechefen Iselin frå Bjørmefjorden Gjestetun. Deltakarane fekk vere med på varmebehandling av fisk, råmarinering, sausar og tilbehør. Dette må vi gjere meir av – kva rettar, teknikkar eller råvarer ønskjer du å lære meir om?

Årsmøte – Kva skjer i 2018?

Historisk årsmøte i Bjørnefjorden Matkultur tysdag 10. april. Det aller fyrste! Det vert eit bra matår i 2018. Nokre av tema vi hadde på dagsorden var: Ny kontingent, rekneskap, budsjett, val, studietur og sosiale medium. Og ja..

Bilete frå kokkekurs i grilling 9. april

Siw, Frank og Iselin frå Mat fra hjertet, Havnechefen og Bjørnefjorden Gjestetun hadde grillmeisterkurs den 9. april. Om dei som deltok ikkje var meister då dei kom, var dei heilt klart meister då dei gjekk! Sjå bilete frå kurset.